Mann sparka og spytta på politiet

Ein 21 år gammal mann måtte i arresten etter vald mot politiet.

Natt til laurdag gjekk ein rusa mann til åtak på politiet i Måløy. Mannen spytta og sparka mot politibetjentane.

– Han oppførte seg ikkje, og var utagerande og lite samarbeidsvillig, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

På grunn av oppførselen blei 21-åringen tatt med til arresten på Nordfjordeid.

Det er ikkje meldt om noko personskadar.

– Det vert oppretta sak og gjort avhøyr av mannen på sundag, opplyser politiet.