Hopp til innhold

Fengsla for vald – er sett fri frå varetekt

Mannen i 50-åra som blei varetektsfengsla i to veker etter ein valdsepisode, blei i dag sett fri.

Mannen blei arrestert etter at ei kvinne i 30-åra blei påført alvorlege kuttskadar i ansiktet og halsen inne i ei leilegheit i Hornindal. Dette skjedde natt til 17. mai. Kvinna blei send til sjukehuset i Førde der ho blei operert.

Både ho og mannen er no avhøyrt av politiet, men politiet vil ikkje gå i detalj på kva etterforskinga har brakt på bane til no.

Politibetjent Ole Tom Nord ved Eid lensmannskontor seier det ikkje lenger var grunn til å halde på mannen, sjølv om det framleis er ikkje er klart kva som hende.

– Han blei sleppt fri fordi det ikkje lenger er bevis for at bevis skal gå tapt eller at han skal kunne påverke vitna, seier han.

Politiet veit framleis ikkje kva gjenstand som blei brukt for å påføre kvinna kuttskadane.

– Vi ventar på resultat frå dei tekniske funna som er sendt inn til analyse. Det gjeld mellom anna blodspor og gjenstandar, seier Nord.

Mannen i 50-åra har erkjent delvis straffskuld i samsvar med siktinga. Både kvinna og mannen skal vere kjenningar av politiet.