Hopp til innhold

Trafikkulukke utløyste leiteaksjon

Ein kvinne og ein mann i 40-åra vart skadd i ei trafikkulukke ved Massnes i Høyanger laurdag kveld. Ulukka utløyste ein leiteaksjon, for naudetatane fann ikkje dei skadde personane.

Politi Selbak dødsfall
Foto: Petter Larsson / NRK

Ulukka vart varsla av at alarmen i bilen vart utløyst. Alarmen varsla Falck.

Men då naudetatane kom fram, fann ikkje redningsmannskapa folka i bilen.

– Det utløyste ein liten redningsaksjon. Etter kvart fann vi to personar eit stykke frå bilen, seier vaktleiar Jørn Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Brannvesenet, politi og Røde Kors vart kalla ut til leiteaksjonen. Det vart også eit Sea King redningshelikopter.

– Føraren var oppegåande, men litt i sjokk, opplyser vaktleiar.

Ulukka skjedde ved Bjordal rundt klokka 21, melde AMK på Twitter seint laurdag kveld. Men tipsar fortel til NRK at ulukka skjedde ved Massnes.

Berre éin bil skal ha vore involvert i ulukka.

Ein 46 år gamal mann vart flogen med luftambulanse til sjukehuset i Førde etter ulukka.

Ei 41 år gamal kvinne vart sendt til legevakta i ambulanse.

Laster Twitter-innhold

Slegen ned

I Førde vart ein mann utsett for vald rundt midnatt laurdag kveld. Det melder politiet på Twitter.

Mannen vart lettare skadd i hendinga, og vart sendt til legevakta for sjekk.

Valden skal ha skjedd rundt midnatt og politiet varsla på Twitter kl. 00:22.

Politiet har foreløpig ikkje klart å arrestert nokon i saka, men har starta etterforsking.

Laster Twitter-innhold