NRK Meny
Normal

Mann slått medvitslaus på fest

Ein laurdagskveld i februar kom fornærma borti eit arr kjærasten hans hadde i andletet, og ho sa "au".

Fjordane Tingrett
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dette oppfatta den dømde mannen frå Førde som at fornærma slo til kvinna.

Mista medvitet

Han reagerte med å slå til fornærma i hovudet så hardt han kunne med knyttneven, og deretter, etter at den fornærma hadde kome seg ut døra, å dytte han inn i ein vegg slik at fornærma mista medvitet.

Alle dei involverte i situasjonen var rusa.

6 vitner

Ved hjelp av 6 vitner dømde Fjordane Tingrett mannen frå Førde til 45 timar samfunnstraff, og til å betale 2000 kroner i erstatning til fornærma.

Retten fann det formildande at Førde-mannen ikkje var tidlegare straffedømd.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.