NRK Meny
Normal

Mann slått medvitlaus

Ein mann vart slått medvitlaus då han vart kasta i ein vegg ved utestaden Pikant i Førde laurdag kveld.

Politiet fekk melding om hendinga omlag klokka elleve laurdag kveld.

Offeret, som er i 20-åra, var medvitlaus då han vart sendt til Førde sentralsjukehus for behandling. Det er framleis usikkert kor alvorleg skadd mannen er.

Det skal vere to menn som står bak ugjerninga, opplyser politiet.  

Saka vert følgt opp og etterforska.

Ugjerninga skjedde inne på området til Sommarfesten i Førde, som vart arrangert laurdag kveld.