NRK Meny
Normal

Mann slapp med lettare skader

Ein bil har køyrt av vegen på riksveg 15 like vest for Stårheim i Nordfjord.

Ulykke ved Stårheim
Foto: Øystein Torheim

Naudetatane rykte ut til staden, då ein einsleg bil køyrde av vegen vest for Stårheim.

Uhellet skjedde ved 14-tida. Ein mannsperson i 60-åra er no køyrd til legevakt i Eid.

– Vi veit førebels ikkje kvifor vedkommande køyrde av vegen, opplyser Per Rimmen ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er reduserte moglegheiter til å passere medan bilbergar jobbar med å rydde på staden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.