Hopp til innhold

Mann skadd i arbeidsulukke

Ein mann 50-åra vart onsdag kveld send med luftambulanse til Sentralsjukehuset i Førde etter eit arbeidsuhell i Stryn.

Mannen arbeidde ved Hagen Treindustri. Direktør Trygve Hagen seier mannen har fått handa i ei høvelmaskin, og truleg mist ein finger. Han seier det førebels er uklart korleis uhellet skjedde. Hagen seier dei rutinemessig har kontakta politi og arbeidstilsyn.