Mann redda ut av fjell i Nordfjord

Ein mann er redda ut etter å ha sete fast i ei fjellside nær Hoddevika i Nordfjord. Hovudredningssentralen sende ut eit redningshelikopter frå Florø til det som skulle bli ein utfordrande redningsaksjon.

Mannen skal vere i god behald etter redningsaksjonen, skriv politiet på Twitter.

Politiet koordinerte aksjonen. Den utanlandske mannen var åleine og kommuniserte med politiet via tekstmelding.

– Ja, helikopteret er der. Ein redningsmann er sleppt ned for å hjelpe han, men det er utfordrande med sterk vind i området, sa Terje Magnussen ved politiets operasjonssentral.

Mannen skal ikkje vere skada, men stod heilt fast i fjellsida i fleire timar.

– Vi reknar med at dei klarer å redde han ut i løpet av kort tid, sa Magnussen klokka 16 i dag.

Klokka 17.15 sat framleis mannen fast. Krevjande vindforhold gjorde aksjonen utfordrande. Ein lege vart også sleppt ned i nærleiken av mannen, stadfesta Magnussen til NRK.

Lite batteri på telefonen

– Me fekk melding om dette rundt 14.35, sa Morten Rebnord ved politiets operasjonssentral.

– Han seier han er i nærleiken av Hoddevika i Nordfjord, og trur han er på rundt 400 meters høgd. Det er vind i området, så på bakgrunn av dette har me sendt ut eit redningshelikopter, seier Rebnord.

Mannen har lite kapasitet på telefonen.

– Helikopteret tek av frå Florø no, seier Trond Bjørnøy ved Hovudredningssentralen i Sola til NRK like før klokka 15.