NRK Meny
Normal

Mann sikta for hallikverksemd

Ein mann i Sogn og Fjordane har vore fengsla etter å ha blitt sikta for både hallikverksemd og vald mot kona si.

Fjordane tingrett

FENGSLA: Mannen har vore fengsla i ein månad i sommar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Klienten min har vore varetektsfengsla i om lag ein månad, men er no ute igjen, seier Louis Anda, som er mannen sin forsvarar.

Det var VG som først omtalte saka.

Mannen er sikta for vald i nære relasjonar, som skal ha skjedd over fleire år. Påtalemakta meiner han skal ha slått og sparka kona. Dei meiner også han skal ha tatt betalt for å la folk ha sex med kona.

Mannen meiner at påstandane om hallikverksemd berre er oppspinn.

– Han seier det er tale om eit samliv dei to har valt å leve, og ikkje hallikverksemd. Han avviser at nokon skal ha betalt pengar for seksuelle tenester, og hevdar at det berre har vore eit ope forhold, fortel Anda.

Har hatt store problem med garden

Forsvararen fortel at det har vore ein stor ulempe for klienten hans å sitje fengsla store delar av sommaren.

– Han driv eit mjølkebruk, og det har ført til store problem og ekstra utgifter for gardsdrifta desse vekene, seier Anda.

Louis Anda

AVVISER PÅSTANDANE: Forsvarar Louis Anda seier at hans klient avviser at han har tatt betalt for seksuelle tenester med kona.

Foto: NRK

Innrømmer basketak, avviser vald

Når det gjeld skuldingane om å ha slått og sparka kona, avviser også mannen alle påstandar.

– Det har vore eit ekteskap som til tider har vore turbulent. Det kan ha vore nokre basketak, men han meiner ikkje det er tale om det ein kallar vald i nære relasjonar, seier forsvararen.

Politiadvokat Sissel Kleiven ønskjer ikkje å kommentere saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.