NRK Meny
Normal

Mann sett i arrest etter trugslar

Ein nordfjording vart natt til laurdag arrestert på Eid etter at han hadde sett fram trugslar mot minst ein person.

Politiet melder på Twitter at dei rundt klokka 02.30 i natt arresterte ein person etter at han kom med trugslar mot folk i ein bustad i Eid. Operasjonsleiar Magne Faleide ved Vest politidistrikt vil ikkje seie noko om forholdet mellom mannen som er pågripen og dei andre i huset.

– Det var fleire til stades i huset, men kor vidt trugslane var retta mot ein eller fleire kan eg ikkje seie. Saka vil bli vidare etterforska utover dagen.

Ifølgje politiet skal den rusa mannen ha vist fram ein kniv. Mannen som var rusa vil bli avhøyrd i løpet av laurdag, og det er ikkje teke stilling til eventuell vidare fengsling enno.

Klokka 14.15 laurdag ettermiddag opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt at mannen er sleppt fri frå arresten. Mannen har fått forbod mot å kontakte dei to som var i huset der han sette fram trugslane i natt. Saka blir etterforska vidare.

Arbeidsulukke ved Stad

På Leikanger ved Stad vart det litt før klokka 21 fredag kveld meld om ei arbeidsulukke. Ein mann i 40-åra skal ha ramla ned frå ein lastebil i samband med arbeid. Hendinga skjedde i båthamna.

Politiet veit ikkje noko om skadeomfanget til mannen, men skriv at det truleg ikkje er alvorlege skader. Det er oppretta sak på hendinga.

Brør gjekk i tottane på kvarandre

I Florø måtte politiet seint i går kveld avslutte ein fest der stemninga var heller amper. To brør som var på besøk i kystbyen hadde roke i tottane på kvarandre. Ifølgje Faleide på operasjonssentralen vart forholdet avslutta på staden.

I løpet av fredag kveld og natt skreiv UP også ut 12 forenkla førelegg for høg fart etter ein fartskontroll på riksveg 15 ved Markane i Stryn. Den høgste farten vart mål til 113 km/t. I tillegg har naturoppsynet i natt kverrsett 2 ulovlege laksegarn ved Redalen i Førdefjorden.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå