Båtføraren var åleine i båten då det tok til å brenne. Politiet opplyser at mannen raskt fekk hjelp frå folk som var på ein annan båt i nærleiken.
– Vedkomande blei frakta til land, der han blei teken hand om av helsevesenet, seier operasjonsleiar hos politiet, Odd Arve Solvåg.
Politiet ber dei privatpersonane som drog ut på sjøen for å delta i redningsarbeidet om å melde seg.
– Alle naudetatane, også luftambulanse og redningshelikopter rykte raskt ut, opplyser politiet
Mannen skal sjølv ha opplyst at han var åleine om bord i båten.