Hopp til innhold

Mann funnen etter leiteaksjon i Askvoll

Den sakna fjellturgåaren i Askvoll er no funnen.

Nipebu

NIPEBU: Det er denne DNT-hytta politiet tek utgangspunkt i. Redningsaksjonen tek sikte på å kome seg hit i håp om at mannen er her (arkivbilete).

Foto: Sogn Og Fjordane Turlag/Den Norske Turistforening

Mannen er funnen like ved hytta i Nipebu i Askvoll. Han var skadd og vert no teken hand om av helsepersonell.

– Han kunne ikkje kome ned på eiga hand, seier Arve Samsonsen i politiet.

Helikopteret tek mannen med til Førde sentralsjukehus.

Han møtte på dårleg vêr på fjelltur i Askvoll. Politi, frivillig mannskap og helikopter vart med på leiteaksjonen.

– Leitemannskap kjem til å ta seg mot hytta Nipebu, aust i Askvoll, sa Samsonsen i politiet då redningsaksjonen skulle starte.

Den skadde skal vere ein utanlandsk turist. Samsonsen vurderte det til fleire timars gonge frå vegen og opp til Nipebu. Men det vart altså redningshelikopteret frå Florø som fekk kontakt med mannen først.

Det var ikkje råd å kome i kontakt med mannen per telefon.

Nipebu er ei hytte som ligg på søraust-sida av Langevatnet i Askvoll kommune, skriv Den Norske Turistforening på sine sider. Vidare skriv dei at det er delvis mobildekning ved Nipebu, men at ein må leite i terrenget for å finne plassar det går an å ringe frå.