Hopp til innhold

Mann ringde nødnummer – men var ikkje i nød

Politiet blei ringt opp av ein mann som misbrukte nødnummeret.

Politi

RINGTE POLITIET: Mannen som oppheldt ville gjerne ringe politiet. Problemet var at han ikkje var i nød.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det hadde ikkje noko med nød å gjere, seier Per Rimmen ved politiets operasjonssentral i Florø.

Mannen oppheldt seg i Fresvik, og saka blei følgt opp av lokalt politi. Same stad rykka politiet seinare ut etter melding om bråk under ein festival. Ein person hamna i drukkenskapsarresten.

Politinatta var elles midt på det jamne kan Rimmen opplyse.

– Vi hadde ei heilt grei natt. Noko av bråket kjem frå folk som er på ulike arrangement, så det var litt festbråk utover natta.

Mistanke om båtkøyring i rus

I Sogn måtte politiet rykke ut fleire gonger. Litt over klokka eitt var det melding om ordensuro på ein privat stad i Høyanger. Politiet måtte roe ned stemninga og ordna opp på staden.

Ein båtførar i Aurland var mistenkt for å køyre med rus. Politiet tok personen med for blodprøvetaking.

I Fjaler var det både usemje og skadeverk på ein privat stad. Politiet vil følge opp saka.

Bråk i både Florø og Førde

I Sunnfjord fekk politiet meldingar frå både Florø og Førde. I Førde fekk politiet melding om festbråk frå ein bustad i sentrum. Festen vart avslutta på staden av politiet.

I kystbyen var det meldt om ordensuro ved ein skjenkestad. Politiet viste bort ein person, og det løyste seg på staden. Seinare fekk politiet melding om ordensuro på ei privat adresse i Florø. Politiet rykka ut, og skal følge opp saka.