Hopp til innhold

Mann rana av to maskerte menn

To menn er pågripne etter ein væpna politiaksjon i Sogn. Dei to skal ha rana og truga ein mann i 50-åra på Kaupanger.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Kaupanger» i nytt vindu

Like før klokka seks søndag morgon fekk politiet melding om at ein mann i 50-åra blei oppsøkt heime av to maskerte menn. Dei skal ha truga med det som såg ut som eit handvåpen.

– Mannen har fortalt at han blei oppsøkt av dei to maskerte mennene klokka fem i dag tidleg. Mannen blei bunden og utsett for slag og spark. Han skal ikkje vere skada, seier operasjonsleiar Per Rimmen hos politiet.

Væpna aksjon i føremiddag

Dei to gjerningsmennene skal ha vore på jakt etter våpen. Dei skal ha teke med seg diverse gjenstandar. Rimmen vil ikkje seie noko om kva slags ting som er stole.

Etter kvart drog gjerningsmennene frå staden. Mannen i 50-åra kom seg laus og fekk varsla politiet.

– På bakgrunn av vitneobservasjonar vart det sett i verk ein væpna politiaksjon mot eit bustadhus i Sogn. To mistenkte vart pågripne kl 10.20 utan dramatikk, seier Rimmen.

Vitne såg politiaksjonen

NRK.no har snakka med eit vitne som såg den væpna politiaksjonen ved bustadhuset.

– Eg såg tre politibilar som køyrde mot huset. Det var i alle fall fem-seks politifolk med skotsikre vestar. Eg såg også ein skarpskyttar, fortel han.

Tek stilling til varetektsfengsling

Dei to nordmennene som er pågripne er kjenningar av politiet. Operasjonsleiar Per Rimmen seier dei no tekne hand om og vil bli avhøyrde.

– Blir dei to framstilte for varetektsfengsling i løpet av dagen?

– Det er noko vi må ta stilling til etter kvart, seier Rimmen.

Rimmen seier at det etter forholda står bra til med mannen som blei rana. Politiet har førebels ikkje andre mistenkte. Saka blir vidare etterforska vidare.