NRK Meny
Normal

Mann pågripen i væpna politiaksjon

Ein mann i 50-åra er pågripen etter ein væpna politiaksjon ved Storfjorden i Hyen.

Væpna politi

ILLUSTRASJON: Væpna politi rykte ut etter melding om skyting frå eit hus i Hyen.

Foto: Vibeke Ravndal / NRK

Eit væpna politilag rykte like over klokka 17 ut etter melding frå publikum om skyting frå eit bustadhus i Hyen.

I huset fann politiet ein rusa mann i 50-åra, og både hagle og jaktvåpen. Det er uvisst kva våpen som vart nytta.

– No har vi fått kontroll på personen og våpen. Politiet er framleis på staden, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Skaut mot fjorden

Ifølgje politiet skal ikkje personar ha vore i fare. Skota skal ha vore løyst ut mot Storfjorden.

– Slik vi oppfatta innringar, så kjende dei seg ikkje trua, men heller ubehageleg at det var skyting i nærleiken, seier Avsnes og legg til at det førebels er uvisst kva som skjer vidare i saka. Politiet har førebels ikkje fått forklaring frå mannen.

– Det viktigaste er at vi har kontroll på situasjonen, seier han.

Politiet opplyser like før klokka 20 at mannen vart dimitert på staden, men at saka blir følgd opp.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.