Hopp til innhold

Mann i 50-åra fall i døden ved Falketind

Ein mann i 50-åra er stadfesta omkomen etter ei fallulukke på Falketind i Årdal.

Falketind (til høgre)

ARKIVFOTO: Dødsulukka skjedde mellom 300 og 400 høgdemeter frå toppen av Falketind (til høgre i biletet).

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Det var AMK Innlandet som først fekk melding om ulukka som skjedde då eit turfølgje var på veg ned frå det 2.067 meter høge fjellet sørvest i Jotunheimen.

To luftambulansar og eit redningshelikopter vart sendt til staden. Ulukka vart meldt klokka 17.49.

– Det vart gjeve livreddande førstehjelp, men mannen vart stadfesta omkomen på staden. Mannen er heimehøyrande på Austlandet. Pårørande er varsla, opplyser operasjonsleiar Kai Henning Myklebust ved Vest politidistrikt i Florø.

Det er førebels uvisst korleis ulukka skjedde og kor langt mannen har falle. Myklebust opplyser at det er vanskeleg terreng i området der ulukka skjedde.

– Ulukka skjedde i 1.700-1.800 meters høgde i ein kjent tursti. Kva som har skjedd er ukjent, men politiet vil følgje opp saka måndag, seier Myklebust.

Mannen var i området saman med ein turkamerat. Undervegs passerte dei ytterlegare fire personar. Desse kom til fallulukka.

– Den avdøde er frakta ut med helikopter. Resten tok seg ned til fots og vart møtt av politi ved Tyinholmen. Vi har tatt avhøyr av desse, og dei blir godt ivaretekne, seier operasjonsleiaren.

Falketind er eit populært, men krevjande turmål.

– Det er slik at ein må ha klatreutstyr og tau. Det er ein tur helst for drivne fjellfolk, men det går også vekentlege guida turar, seier Myklebust.

Falketind i Årdal

FYLKESGRENSA: Falketind ligg sørvest i Jotunheimen, på vestsida av fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland.

Foto: Skjermdump / Google.no/maps