NRK Meny

Mann omkom då sikringa rauk

Mannen i 50-åra som døydde på Falketind for nesten to veker sidan, ramla ned nesten femti meter etter at sikringa hans rauk, opplyser politiet. Han gjekk den såkalla pionerruta, som er ei rute som inneber ein del klyving og klatring. Mannen var sikra i tau, som igjen var sikra i eit feste som allereie stod i fjellet frå tidlegare klatrarar. Det skal ha framstått som trygt, men då mannen ramla, rauk sikringa. Mannen var i lag med ein annan turkamerat, og det var på vegen ned att frå fjellet ulukka skjedde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.