Hopp til innhold

Mann og barn berga seg ut av kvelva bil

Ein mann i 20-åra og eit barn på tre år klarte å komme seg ut av bilen då den køyrde utfor vegen og landa på taket på fylkesveg 609 i Vågane i Askvoll.

Ulukke Vågane fv 609 veslejulaftan

PÅ TAKET: Bilen hamna over i motsett køyrefelt og deretter i grøfta like før ein krapp sving i Vågane i Askvoll.

Foto: Simon Grytten

Begge kom seg ut av bilen før naudetatane kom til staden, og det var ingen synlege skader på dei, ifølgje politiet.

– Det er usikkert om dei kom seg ut for eiga hand eller om dei har fått hjelp på staden, seier operasjonsleiar for politiet, Inge Værøy.

Kverrsett førarkort

Han fortel at det var full utrykking til staden. Ambulansen var også der, men reiste utan å ta med seg nokon av dei involverte.

Ulukke vågane fv 609 veslejulaftan

KVELVA: Til alt hell kom dei to personane i bilen seg ut utan skade.

Foto: Simon Grytten

– Det skjedde i ein krapp sving. Bilen køyrde i retning mot Askvoll og kom utfor vegen like før svingen. Så har den rulla over på taket og hamna utanfor vegen, fortel Værøy.

Føraren har fått førarkortet sitt mellombels kverrsett. Det er ikkje mistanke om rus, men Værøy har ikkje detaljerte opplysningar om bakgrunnen for kverrsetjinga.

– Det er på bakgrunn av den aktløysa som har vore der. Det har blant anna vore eit lite barn involvert, seier operasjonsleiaren.

– Det viktigaste er at det går bra

Hendiga som skjedde på fylkesveg 609 i nærleiken av Flokenes i Askvoll kommune, kunne fort blitt meir alvorleg. Værøy er glad for at det enda godt.

– Dei materielle skadene får ein berre leve med. Det viktigaste er at det går bra med dei involverte. Det gjeld jo alle dagar heile året, men det er kanskje spesielt viktig å komme seg heil heim att på denne tida av året, seier han.

Vågane