Hopp til innhold

Mann meld sakna etter tre dagar lang fjelltur

Mannskap frå Røde Kors var tidleg søndag ettermiddag sende ut til Årdalsdalen i Jølster for å leite etter ein mann i 30-åra, i fjellområdet kring Longevasshytta. Kort tid etter trefte dei på mannen, som var i god behald.

Leiteaksjon Longevasshytta

Mannen gjekk torsdag frå Fitjastøylen i Gloppen, og skulle gå til Årdalsdalen i Jølster.

Familien til mannen sende bekymringsmelding til politiet då han ikkje var kome fram laurdag kveld.

Starta søk ved endepunktet

Politiet vurderte situasjonen slik at dei venta til søndag ettermiddag med å sette i gang leiteaksjon.

– Røde Kors skal no leite i området mellom Årdalsdalen og Longevasshytta. Dersom han er blitt forseinka på turen, er det mest sannsynleg at han no er på slutten av turen, sa Inge Verøy på operasjonssentralen for politiet i Sogn og Fjordane tidleg søndag ettermiddag.

Det er dårleg mobildekning i fjellområdet, så det hadde på det tidspunktet ikkje lukkast politiet å få kontakt med mannen. Mannen skal vere fjellvand.

– Alt stod bra til

Like før klokka 15 søndag sa Verøy at dei hadde indikasjonar på at mannen var på veg nedover mot Årdalsdalen.

– Andre folk har møtt ein person som vi trur er den sakna. Vi har indikasjonar på at han var vore på hytta, men vi har ikkje fått dette bekrefta ved at vi har vore i kontakt med han, sa operasjonsleiaren

Mannskapet som var sendt ut frå Røde Kors heldt difor fram i retning mot hytta for å få dette bekrefta. Berre kort tid etter at NRK snakka med politiet møtte dei på den sakna.

– Han er i god behald, melder politiet på Twitter.

Operasjonsleiar Verøy seier til NRK.no at alt står bra til med mannen.