NRK Meny
Normal

Mann ligg i kunstig koma etter valdsepisode

Ein mann i 40-åra ligg no på Haukeland universitetssjukehus med langt meir omfattande skader enn politiet oppfatta etter valdsepisoden i Florø natt til søndag.

Politi

TRUDDE SKADANE VAR MINDRE: Då politiet kom til utestaden oppfatta dei skadane som langt mindre enn det dei viste seg å vere.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Det var Firdaposten som først melde om at mannen er sendt vidare til Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader.

Politiet fekk melding klokka 02.33 om at mannen var slegen til på ein uteplass av ein annan mann. Dei rykte då ut til staden og var i kontakt med dei involverte og vitne.

– Han som var slegen til vart etter kvart henta av ambulanse og vart i første omgang frakta til Førde, men så viste det seg at det var meir alvorleg, så deretter vart han frakta til Haukeland, seier operasjonsleiar for politiet, Bent Næss.

– Verka mykje mindre skadd

– Kvifor oppdaga ein ikkje fortare at mannen var alvorleg skadd?

– Det er heilt umogleg for meg å svare på, men patruljen kontakta i alle fall AMK fordi dei ville ha ambulanse til staden for å sjekke vedkommande. Han verka mykje mindre skadd enn det han faktisk var, seier Næss.

Helse Bergen stadfesta i ei pressmelding at mannen er innlagt hos dei med alvorlege skader. Næss seier han allereie er operert minst ein gong.

– Det vi har fått frå Haukeland er at han er utanfor fare. Det var brotskadar både ved nase og skader lenger inne, utan at vi har detaljane på det. Han var operert ein gong før i dag og skulle opererast ein gong til i løpet av kvelden. Om det har skjedd, det veit ikkje vi, seier operasjonsleiaren.

Har gjort avhøyr

Etter det politiet har fått beskjed om var det berre dei to mennene som var involverte.

– Dei to har vore i slagsmål. Det er det vitne har sagt det såg ut som.

Han som slo til mannen har vore til avhøyr i dag.

– Saka har blitt følgd opp av Florø politistasjon i heile dag med avhøyr både vitne og han som er mistenkt i saka, seier Næss.

– Kor alvorleg ser de på saka no?

– Politiet etterforskar uansett for å finne årsaka, men sjølvsagt etterforskar politiet endå meir nøye når det er så alvorleg skade.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast