Hopp til innhold

Mann køyrt til legevakta etter slagsmål

Ein mann i 30-åra vart køyrt til legevakta i Førde etter eit slagsmål i Førde sentrum natt til Førde.

Politiet fekk i halv tretida i natt melding om slagsmål i nærleiken av Førde hotell.

– Patruljen var raskt framme, men partane hadde allereie skilt lag, fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt.

Medan den fornærma vart køyrd til legevakta for kontroll, fekk politiet nyss om at den mistenkte, ein mann i 50-åra, allereie hadde kome seg heim. Begge personane er allereie avhøyrde og politiet melder på Twitter at saka er meld.

Det har elles vore ei roleg natt i Sogn og Fjordane, melder politiet.