Hopp til innhold

Mann køyrde av vegen

Ein mann i 60-åra har køyrde i morgontimane av vegen i Oppedal i Gulen kommune

Ulukke Oppedal

AV VEGEN: Ein mann har køyrt av vegen i Oppedal i Gulen kommune. Luftambulansen vart sendt til staden då førar av bilen var dårleg.

Foto: Gøril Sætre

– Me fekk melding klokka 08.48 om at ein bil har køyrt av vegen på E39 like før Oppedal, seier Preben Wallestad som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

Skada i hofte og ansikt

Bilen køyrde av E39 i Oppedal i Gulen kommune.

– Meldar seier det har vore ei trafikkulukke. Bilførar var skada i hofte og ansikt, seier Wallestad.

Klokka 08.57 blir det meldt at førar er dårleg og legg seg ned.

– AMK sende 09.01 ein luftambulanse, og denne reknast med å lande 09.30, seier Wallestad.

Til sjukehus med ambulanse

Klokka 10.18 opplyser politiet til NRK at førar av bilen er sendt til sjukehus. Men ikkje med luftambulanse.

– Førar blåste, og hadde ikkje promille. Han er sendt med vanleg ambulanse til Førde sjukehus. Skadegraden er usikker, men førar er tilsynelatande ikkje alvorleg skadd, seier Wallestad.

AMK ved Førde sentralsjukehus stadfestar at mannen er på veg til sjukehuset med vanleg ambulanse, men vil førebels ikkje seie noko om tilstanden til mannen.

Ifølgje Statens vegvesen var vegen aldri stengt i området. Bilen blir taua inn, og det blir oppretta sak.

Laster Twitter-innhold
oppedal