Hopp til innhold

Mann i tjueåra kritisk skadd etter utforkøyring

FØRDE (NRK): Ein mann i 20-åra er kritisk skadd etter at han køyrde i elva ved Askvollkrysset i Førde onsdag kveld.

Utforkøyring i Førde

ALVORLEG HENDING: Bilen hamna på taket i elva som renn ved krysset mellom fv. 609 og E39 i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 23.34 og naudetatane var raskt på staden. Eit vitne hadde då ringt politiet og fortalt at ein bil hadde køyrd i elva.

– Vi veit lite anna enn at eit einsleg køyretøy som køyrde ut av vegen og ned i elva. Det var ein person i bilen og vedkomande er alvorleg skadd, seier politiførstebetjent Agnar Bøyum til NRK.

Veit ikkje ulukkesårsak

Nærare halv fire natt til torsdag kom også ulukkesgruppa frå Statens vegvesen til ulukkesstaden.

– Vi har tatt ein liten analyse av det som har skjedd. Vi har målt opp og tatt bilete til dokumentasjon. No skal vi måle veggrepet, fortel inspektør Nils-Rune Nævdal til NRK torsdag morgon.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen arbeider på staden.

MÅLINGAR: Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har i løpet av natta arbeidd på ulukkesstaden.

Foto: Marie Stafsnes Osland

Politiet opplyser torsdag morgon at bilen kom køyrande sørfrå på E39. Politipatruljen som kom først til staden berga mannen ut av bilen. Tilstanden til mannen er torsdag morgon kritisk, men stabil opplyser Helse Førde. Like før klokka 07 torsdag er bilen henta opp frå elva.

– Det er for tidleg å seie noko om årsak, det må etterforskinga kome tilbake til. Vi vil gjere avhøyr av involverte og eventuelle vitne, seier Kai Henning Myklebust ved politiets operasjonssentral.

Politiet vil gjere tekniske undersøkingar av køyretøyet så snart det let seg gjere.

Ber vitne ta kontakt

Då NRK snakka med Bøyum hadde han nyleg kome til ulukkesstaden og kunne fortelje at dei ikkje kjenner til om det var augevitne til det som skjedde.

– Det var ein person som bur i nærleiken som varsla frå om ulukka. Vitne utover det har vi ikkje kjennskap til, seier Bøyum.

Politiet ber eventuelle vitne som har sett ulukka om å melde seg for politiet på telefon 02800.

Politiet sin operasjonssentral i Florø opplyser at føraren av bilen blei send til Førde sentralsjukehus, og at mannen er kritisk skadd. Dei pårørande til mannen er varsla.

Utforkøyring i Førde

ETTERFORSKAR: Politiet veit førebels ikkje årsaka til at bilen hamna i elva. Ulukka skal granskast.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK
Laster Twitter-innhold