NRK Meny
Normal

Mann i femtiåra pågripen for to biltjuveri

Politiet har arrestert mannen dei meiner stal to bilar og køyrde i både grøfta og fjellveggen på onsdag.

Stolen bil i Vårdal

HAMNA I GRØFTA: Den stolne bilen frå Bergen hamna i grøfta i Holmedal.

Foto: Politiet

– Han vart pågripen i Førde i går midt på dagen, og vart teken inn til lensmannskontoret der og avhøyrt, det fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt Åge Løseth.

Mannen det gjeld skal vere i byrjinga av femtiåra frå bergensområdet. Han skal først ha stole ein bil som han køyrde i grøfta, før han altså stal ein ny bil som hamna i fjellveggen. Begge bilane var meldt sakna i Bergen, og begge vart funne i Askvoll kommune på onsdag.

Løseth i Politiet fortel at mannen ikkje ønskjer å prate med politiet i det heile, sjølv om dei har teke han inn til avhøyr.

Les også: To stolne bilar i grøfta

Var det noko spor som gjorde at de fekk tak i mannen?

– Først og fremst fekk vi mange gode tips frå folk som leia oss i retning av gjerningsmannen. Det var det som gjorde at vi fekk tak i han, seier Løseth

Bil i fjellveggen i Askvoll

TO BILAR: Biltjuven nøydde seg ikkje med å stele ein bil, men stal to bilar på onsdag.

Foto: Politiet

Mangla plutseleg ein bil i garasjen

Det var ein sjokka eigar som fekk vite om at bilen hans var stolen.

– Politiet ringde for å fortelje meg om at bilen min stod i grøfta. Då måtte eg sjå etter i garasjen om bilen stod der, men det gjorde den ikkje, seier Olbjørn Arild Tangedal.

Tangedal tykkjer det heile er særs kjedeleg.

– Eg trur bilen blir kondemnert. Ganske trasig. Det var ein god bil, sjølv om den var gamal. Eg har ein anna bil, så eg er ikkje hjelpelaus, seier han.

Terje Søviknes vitja Utvik
Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.