Mann i amfetaminrus tiltalt for å ha køyrt to gonger over fartsgrensa

Ein mann i tjueåra frå Florø er tiltalt for å ha køyrt i nærare 120 km/t i ei 40-sone mens han var påverka av amfetamin og hasj.

Florø

TILTALA: Mannen i tjueåra er under tiltale ved Sogn og Fjordane tingrett, mellom anna for å ha køyrt langt over fartsgrensa mens han var ruspåverka.

Foto: Fredrik Johan Helland

Hendinga skal ha skjedd i oktober i fjor. Mannen, som ikkje har førarkort, skal i tillegg til amfetamin også ha vore påverka av hasj under køyreturen.

I tiltaleavgjerda blir det skildra at mannen køyrde vinglete, og at han skal ha kome over i motsett køyrefelt slik at han nesten kolliderte med ein annan bil.

Sjølv om politiet varsla med blålys og prøvde å stogge mannen, skal han ha late vere å stogge, ifølgje tiltalen.

Mannen er også tiltala for å ha medverka til kjøp av 1,9 kilo hasjisj, for bruk og oppbevaring av narkotika, og for å ha - eller medverka til - sal eller formidling og oppbevaring av mindre mengder cannabis/hasjisj.

Politiadvokat Merete Sundal er aktor i saka.

– Saka gjeld blant anna grovt narkotikalovbrot. Ut frå narkotikamengda i saka og saka sin art, så ser politiet alvorleg på saka, kommenterer ho til NRK.

Ho viser til at brot på straffelova § 232 (grovt narkotikalovbrot) har ei strafferamme på fengsel i inntil 10 år.

Nils Christian Nordhus er forsvarar for mannen. Han seier til NRK at han på noverande tidspunkt ikkje å ønskjer å kommentere saka.