Mann i 80-åra omkom i drukningsulukke

Ein mann i 80-åra omkom etter at han hamna i sjøen ved Sågnes i Hyllestad.

Sognnes i Hyllestad, drukningsulykke
Foto: Jørgen Eide / NRK

– Folk i nærleiken fekk mistanke om at han hadde hamna på sjøen etter å ha sett gjenstandar i vatnet. Folk på staden fann han under vatn, og fekk han opp på land, fortel Kai Henning Myklebust ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Alle naudetatar rykka ut etter meldinga om at ein mann og ein truck hadde hamna på sjøen. Det blei jobba med gjenoppliving på staden, men mannen omkom.

– Det var ingen vitne til ulukka, men dei pårørande til mannen melde i frå om ulukka. Det var lokalt brannmanskap og redningsfolk ved luftambulansen som fekk han opp av vatnet, seier Myklebust.

Mannen var død då han vart henta opp.

Laster kart, vennligst vent...