Hopp til innhold

Mann i 70-åra funnen død i Jølster

Eit mannskap på 15 personar frå Politiet, Røde Kors og Norske Redningshunder leita i natt etter ein mann i 70-åra ved Jølster. Han er no funnen død.

Leiteaksjon mann i Jølster

– Politiet fekk vite om saka like over midnatt. Vi kalla ut politiet, og dreiv søk i lag med Røde Kors og Norske Redningshunder.

Det fortel Kai Henning Myklebust, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Politiet bekreftar no at mannen er funnen død, men at det ikkje er noko som tyder på noko kriminelt. Familien er varsla.

Myklebust seier at dei hadde lite informasjon i saka, og at dei jobbar ut frå kor mannen sist var sett.

– Totalt var vi rundt 15 personar som var ute og leita. Det blei søkt i nærområdet der personen sist var sett, og langs vegar i området rundt.

Det var familien som melde mannen sakna like over midnatt.

– Han vart ifølge meldingane sist observert på søndag formiddag, seier Myklebust.