Hopp til innhold

Mann i 70-åra dømd for seksuelle overgrep

Mannen i 70-åra var gåvmild og kontaktsøkande ovanfor born. Sogn og Fjordane tingrett meiner dette var delvis seksuelt motivert.

No er mannen dømd til fengsel i 30 dagar, med prøvetid på to år, for to overgrep mot ein ung gut.

Vart ikkje trudd

Mannen stod tiltalt for å ha stroke ein gut på innsida av låret. Han skal også ha teke guten på kjønnsorganet. All berøring var utanpå kleda.

Sjølv nekta mannen for å ha gjort handlingane. Han vedgjekk at han kunne ha rørt ved låra, men nekta for å stryke og tatt på guten. Retten festa ikkje lit til denne forklaringa.

Guten fortalde derimot om «tafsing og klåing» som han opplevde som «ekkelt». Om stryk på ryggen, klemmar og ein sjeldan gang kyss på kinnet. Guten avbraut sjølv dei to berøringane som mannen stod tiltalt for.

Dei to hadde avtale om at mannen ikkje fekk ta guten under beltestaden.

Bilete av gutar

Guten opplevde også at mannen prøvde å «kjøpe» han med pengar. Mannen hevda sjølv at han var gåvmild med pengar av natur. Dette var han også ovanfor andre born han hadde vennekontakt med.

Foreldra reagerte på den etter kvart omfattande kontakten og bad gjennom to brev mannen om å slutte å kontakte guten. Dette ignorerte mannen.

Hos mannen fann politiet fleire bilete av lettkledde gutar som mannen hadde tatt. Utover at han hadde blitt kjend med gutane, kunne ikkje mannen gi noko motiv på kvifor han tok bileta.

Seksuelt motivert

Retten fann det bevist at mannen si interesse for kontakt med born til ein viss grad var seksuelt motivert. Retten meinte også at han brukte pengegåver for å oppnå mest mogleg kontakt.

Mannen var også tiltalt for brot på kontaktforbod ovanfor guten. Tvil om denne var lagt fram lovleg, kom han til gode.

Sidan saka var blitt gammal, og at den har hatt liggetid hos politiet, fekk mannen strafferabatt. Medan mannen slepp å sone fengselsstraffa om han ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra, må han også betale 10.000 kroner i sakskostnader til det offentlege. Til frådrag i fengselsstraffa kjem tre dagar varetektsfengsling.