Hopp til innhold

Mann i 60-åra truga kvinne med å dele nakenbilde av ho – no må han i fengsel

Ein mann i 60-åra er dømt til 60 dagar i fengsel, etter å ha truga ei kvinne med å vidaresende nakenbilde av ho. Det vart også sendt grove tekstmeldingar.

I dommen frå Fjordane tingrett står det mannen over ein periode frå mars til august i 2016 sende fleire krenkande meldingar til den fornærma.

Han trua også med å vidaresende to nakenbilde av kvinna som han hadde på telefonen sin, mot kvinnas vilje. Desse skal han ha tatt i byrjinga av 2016, då tiltalte og fornærma vart kjærastar, men forholdet vart avslutta av kvinna etter kort tid.

Kvinna fekk seg seinare ny kjæraste, noko tiltalte tok særs tung og det var etter dette at han sende ei tekstmelding med ordlyden «du blir vel muslimhore nå».

Etter brotet kom han også med sjikanerande kommentarar på eit bilde ho la ut på Facebook.

Mannen fekk også besøksforbod mot kvinne i august 2016, men valde likevel å kontakta ho på SMS og prøvde å ringa ho etter dette.

Mannen er dømd til 60 dagar i fengsel, der 40 av dei har ei prøvetid på to år.