Hopp til innhold

Mann i 40-åra til sjukehus med brannskadar

Ein russisk statsborgar i 40-åra er sendt til sjukehus med brannskadar etter ei arbeidsulukke om bord på eit skip som ligg til kai på Årdalstangen.

Wilson Cork til kai på Årdalstangen

ULUKKE: Ein mann fekk brannskader om bord på eit skip på Årdalstangen fredag.

Foto: porten.no

– Lensmannskontoret i Årdal fekk melding litt etter klokka halv ti i dag at det hadde vore ein personskade om bord på ein båt som ligg til kai på Årdalstangen. Det er ein tilsett på båten som har fått brannskadar og er no på veg til Førde sentralsjukehus, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Trond Hatlenes.

Han opplyser at lokalt politi er på veg for å undersøke situasjonen og at ein førebels ikkje veit meir om kva som var årsaka til ulukka.

Presseansvarleg Odd Steinar Natvik ved Hydro i Årdal stadfester til porten.no at båten låg til kai hos dei, men at ingen av deira tilsette har vore involverte i ulukka.

Årdalstangen