NRK Meny
Normal

Leiteaksjon enda godt i Førde

Politiet og mannskap frå Norske Redningshundar søkte laurdag kveld etter ein mann i 40-åra i Førde.

Laster kart, vennligst vent...

LEITEAKSJON: Mannskap søkte i området rundt Førde sentralsjukehus etter mannen.

Mannen vart meldt sakna frå Førde sentralsjukehus klokka 2205. Ein time seinare vart mannen funnen gåande på veg opp mot Slåttebakkane.

Den innleiande fasen av leiteaksjonen var konsentrert rundt i området rundt sjukehuset.

– Det var ein patrulje som kom over mannen, opplyser operasjonsleiar Wenche Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen vart teken hand om og køyrt tilbake til avdelinga på sjukehuset.