Mann i 40-åra alvorleg skadd etter frontkollisjon

FLORA (NRK): Ein 41 år gammal mann er alvorleg skadd etter at vedkommande sat fastklemd etter ein kollisjon på riksveg 5 ved Storebru i Flora kommune. Det var tilløp til brann i bilen, men forbipasserande fekk drege føraren ut av bilen og sløkt flammane.

Ein person er alvorleg skadd etter at vedkommande sat fastklemd etter ein kollisjon på riksveg 5 ved Storebru i Flora kommune.

ALVORLEG SKADD: Føraren av den blå bilen er send til Haukeland Universitetssjukehus med alvorlege skader. Foto/redigering: Tone Merete Lillesvangstu

– Føraren av den eine bilen er alvorleg skadd og er send til Førde sentralsjukehus med luftambulanse, opplyser skadestadsleiar Åge Løseth i politiet til NRK sin reporter på staden.

AMK ved Førde sentralsjukehus stadfestar klokka 14.21 at mannen er alvorleg skadd, og at føraren er send vidare til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Skal ha kollidert delvis front mot front

Politiet fekk klokka 12.35 laurdag melding om ei alvorleg trafikkulukke ved Storebru mellom Naustdal og Eikefjord.

Politiet melde først at det var ein bil som hadde køyrt av vegen, og at ein person sat fastklemd. Klokka 13.02 opplyste politiet at det var to bilar involvert.

– Det er to bilar som delvis har frontkollidert. Ein person har sete fastklemd, og ein bil tok fyr etter kollisjonen, sa operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.35, og klokka 12.42 melde mannskap på staden tilbake at den fastklemde var frigjort. Brannvesenet som var raskt på staden fekk tidleg kontroll på branntilløpet i bilen.

Alvorleg trafikkulukke på riksveg 5 aust for Storebru

ULUKKE: Til saman fire personar var involverte i trafikkulukka aust for Storebru.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Tre til sjukehus

Klokka 13.28 melder politiet at til saman tre personar er sende til sjukehus.

Den eine av dei, føraren som sat fastklemd etter ulukka, er send til sjukehuset i Førde med alvorlege skader.

I den andre bilen var det tre ungdomar. To av desse er sende til sjukehuset i Førde med ambulanse, medan den tredje personen får tilsyn ved legevakta i Florø. Alle desse er ifølgje skadestadsleiar Åge Løseth å rekne som lettare skadde.

– Det var kraftige flammar

Køyrelærar Bjørnulf Standal kom som ein av dei første til ulukkesstaden.

Bjørnulf Standal

FØRSTEMANN: Bjørnulf Standal var blant dei første som kom til ulukkesstaden og fekk varsla politiet og dei andre naudetatane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg såg at dei tre personane i den eine bilen var komne ut, og at det var rørsle i den bilen som vart mest skadd. Det byrja ryke av den svarte bilen, og då fekk eg skrudd av tenninga og fjerna nøkkelen, og då gav røykutviklinga seg.

Også andre personar kom til, samtidig som Standal fekk ringt politiet. Så såg han at det byrja brenne i personbilen som hadde fått størst skader.

– Det var kraftige flammar som stod opp under frontruta. Men snarrådige folk fekk reve ut frontruta, og kom til med vatn som dei kasta på. Dei fekk også ut nøkkelen og kutta straumen.

Folk som kom til fekk så drege den alvorleg skadde bilføraren ut, fortel Standal.

– Det såg dramatisk ut, men han gjekk på eigne bein med støtte då han kom ut. Eg trur vi skal vere glade for at det ikkje sat nokon i nabosetet, seier Standal og viser til at bilen på den sida er svært samantrykt.

Trafikkulukke ved Storebru

KOLLISJON: Begge bilane har fått store skadar etter kollisjonen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kom over i motsett køyrefelt

Løseth seier til NRK at den eine bilen har kome over i feil køyrefelt, men det er førebels uvisst kven og korleis dette har skjedd. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Ifølgje Løseth skal det ha vore vitne til hendinga. Han vil ikkje gå inn på kva desse har forklart, men seier dette lettar det vidare etterforskingsarbeidet for politiet.

Begge bilane som var involvert har fått store materielle skader.

Ulukka skjedde aust for Storebru. Det var to personbilar involvert, den eine på veg i retning Førde, og den andre på veg i retning Florø.

Vegen på staden var ei lang stund heilt stengd på staden, men klokka 13.45 blir trafikken dirigert forbi staden av politiet.

Kø på staden etter kollisjon ved Storebru på riksveg 5

KØ PÅ STADEN: Det danna seg raskt lange køar på kvar side av ulykkesstaden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Laster kart, vennligst vent...

TRAFIKKULUKKE: To bilar kolliderte delvis front mot front ved Storebru på riksveg 5 mellom Naustdal og Eikefjord.