Hopp til innhold

Mann i 30-åra teken med 285 gram hasj

Ein mann frå Sogn og Fjordane vart i går fengsla etter at han vart teken med 285 gram hasj, 8 gram amfetamin og utstyr for sal og distribusjon av narkotika.

Fjordane tingrett

FENGSLA: Mannen det gjeld er fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var då politiet gjekk igjennom den fengsla sin bagasje i går at dei fann narkotikaen. I tillegg til hasj og amfetamin, fann dei også ei vekt og lynlåsposar som vert brukt i distribusjon av narkotika.

Då dei tok inn mobiltelefonen til mannen såg dei og at han hadde sendt og motteke tekstmeldingar som hadde å gjere med sal av dei ulovlege stoffa.

Les også: Skuldar politi og media for å hause opp narkotikaproblema

Vil gjere fleire arrestasjonar

Retten meiner at mannen i sin forklaring har underdrive sin rolle i narkotikaverksemd, og at han har ein større rolle enn det han gjer uttrykk for. No vil politiet arrestere folk knytt til miljøet mannen vankar i, slik at dei kan gjere avhøyre og finne ut meir og kva slags rolle han eigentleg har hatt.

Retten legg vekt på at mannen er vorte straffa for brot narkotikalovgjevnad, og dei meiner difor at fire veker ikkje kan vere ei urimeleg straff. Dei legg også vekt på at det er fare for at han kan øydeleggje bevis om han får sleppe fri for tidleg.

Les også: Fem menn pågripne etter stort hasjfunn

Mannen var ikkje til stades då rettsavgjerda i dag vart opplese, men har to veker på seg om han ønskjer å anke saga vidare til lagmannsretten.