Hopp til innhold

Mann i 30-åra mista livet i møteulukka på riksveg 60

Føraren av personbilen omkom då han kolliderte med ein lastebil på riksveg 60 ved Rake i Stryn fredag ettermiddag.

Ulykke Rake

MØTEULUKKE: Luftambulansen rykte ut til møteulukka på Rake, mellom Stryn og Loen.

Foto: Roger Oldeide / Fjordingen

Politiet fekk klokka 14 melding om ei alvorleg trafikkulukke på fylkesveg 60 ved Rake mellom Loen og Stryn. Kort tid seinare fekk dei melding om ei ulukke ved Skredestranda.

– Førar av personbilen, ein mann i 30-åra busett på Sunnmøre, omkom i ulukka. Han var åleine i personbilen, opplyser politiet ved 20.30-tida fredag kveld.

Naudetatane og luftambulanse kom raskt til staden, men livet til mannen stod ikkje til å redde. Føraren av lastebilen kom frå ulukka fysisk uskadd. Det var glatt og det snødde på staden der den tragiske ulukka skjedde.

Klokka 18 i kveld blei riksveg 60 opna att for trafikk.

Politiet opplyser til NRK at pårørande er varsla, men at dei førebels ikkje kjem til å gå ut med identiteten til den omkomne.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har vore på Rake og undersøkt staden der ulukka skjedde, og politiet har gjennomført avhøyr.