Hopp til innhold

Rusa mann sette seg opp mot politiet

Ein mann i 30-åra er meld for vald mot politiet etter ein episode i Florø natt til fredag.

Politiet på Twitter

POLITINATTA: Twitter-loggen til politiet fortel om fleire oppdrag knytt til rusa personar natt til laurdag.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Operasjonsleiar Wenke Hope seier til NRK at det var i samband med ein sjekk av vedkommande at mannen ikkje ville samarbeide.

– Vi tar frå tid til anna ein sjekk av personar, og då politiet ville snakke med han i natt sette han seg opp mot politiet, seier Hope.

Ho vil ikkje gå inn på kva den rusa mannen gjorde, men seier han vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

Rusa ungdom i Førde

Også i Førde sette rusa personar politiet i arbeid. Allereie tidleg fredag kveld måtte politiet ta hand om ein overstadig rusa gut på 16 år. Tenåringen vart køyrd til legevakt for sjekk. Politiet opplyser at foreldra vart varsla, og at det lokale lensmannskontoret vil følgje opp saka.

Seinare på natta tok politiet hand om ein overstadig rusa gut under 18 år. Han vart henta på lensmannskontoret av familien. Ei rusa jente på snart 18 år måtte overnatte på politikammeret. Operasjonssentralen skriv på Twitter at henta ikkje hadde andre stader å vere, og difor vart innsett i arresten. Ho vil bli dimittert når ho blir edru.

– Det har vore ein bli kjent fest i Førde, seier operasjonsleiar Wenke Hope og seier episodane er knytt opp til denne.

Tre tilfelle av overstadig rusa ungdom i samband med ein slik fest er ikkje uventa når så mange er samla på ein plass meiner operasjonsleiaren, som samtidig helst skulle sett at dette var unngått.

– Det er klart dette ikkje er bra. Det er mørkt, kaldt og surt og det kan bli farleg om dei ikkje kjem seg i hus, seier Hope.

Rusa bilførar hamna i grøfta

Rett før midnatt måtte politiet også rykke ut til ei utforkøyring på E39 ved Skei i Jølster. Då politiet kom til staden viste det seg at føraren, ein mann i 40-åra, var rusa.

– Føraren var på staden og vart teken med til blodprøvetaking, seier Hope.

Det er ikkje meldt om personskade i samband med utforkøyringa.