Hopp til innhold

Mann i 20-åra teken med amfetamin

Mannen i 20-åra frå Sogn, som torsdag vart arrestert på Dragsvik ferjekai, kan høyre til narkomiljøet politiet har avdekt i Veronica-saka.

Arne Johannessen i Politiets fellesforbund

STORT BESLAG: Regionlensmannen seier den varetektsfengsla 20-åringen vart teken med ei stor mengde amfetamin.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Mannen vart arrestert etter tips frå ferjemannskapa og sit no varetektsfengsla i fire veker.

– Det er snakk om eit stort beslag av amfetamin, det er over 70 gram, det er mistanke om omsetjing og det er i tillegg andre lovbrot, som køyring i rusa tilstand og utan gyldig førarkort, seier regionlensmann Arne Johannesen.

– Viser verdien av at folk følgjer med

Han seier 20-åringen er ein kjenning hos politiet.

– Arrestasjonen er eit resultat av veldig god jobbing frå Vik lensmannskontor, samstundes var opptakta til saka eit tips frå ferjemannskap. Det viser verdien av ei lokalbefolkning som følgjer med og gir tips til politiet når det skjer noko mistenkeleg, seier Johannessen.

No vil politiet jobbe for å kartleggje saka enno betre.

– Det blir å ta avhøyr og jobba vidare for å sjå om det er forbindelse med andre personar. Me har ein del oppfølging når det gjeld narkotika, òg frå Veronica-saka. Me prioriterer narkotika høgt og særleg omsetning, seier han.

Mogleg tilknyting til narkomiljø

Fleire personar frå narkotikamiljøet i Indre Sogn har vore i politiavhøyr etter at Veronica Heggheim Stegegjerdet forsvann frå heimen sin i Årøy i Sogndal 25. oktober.

Arne Johannessen vil ikkje stadfeste at den varetektsfengsla mannen er ein av desse.

– Eg vil ikkje seie noko anna enn at dette er eit namn som me kjenner ifrå før, seier Johannessen.