NRK Meny
Normal

Mann i 20-åra påkøyrd i Sogndal

Ein mann i 20-åra vart påkøyrd i Dalavegen i Sogndal torsdag morgon.

Sogndal

HER: Her vart personen påkøyrd like etter klokka 08 torsdag morgon.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Politiet og ambulanse rykte ut til ulukka, som skjedde ved overgangen mellom Trolladalen og Dalavegen.

– Fotgjengaren vart påkøyrd i gangfeltet. Han vart send til lege for kontroll, og så send vidare til Førde for fleire kontrollar, seier operasjonsleiar hjå politiet, Inge Værøy.

Sjåføren av bilen var ein mann i 70-åra.

– Førarkortet hans er kverrsett, seier Værøy.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.