NRK Meny
Normal

Mann har innrømma omfattande tjuveri

FØRDE (NRK): Eig du noko av dette? Då vil politiet gjerne ha kontakt med deg. Ein mann har innrømma omfattande tjuveri.

Tjuvgods i Førde

FUNN: Om du kjenner igjen og saknar noko av det du ser her, kan du ta kontakt med politiet i Førde.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Fiskestenger, vesker med kle, verktøy, parfyme og diverse anna tjuvegods ligg no i ein garasje hos politiet i Førde.

– Vi har funne det på litt forskjellige stadar. Både i ulike hagar i sentrum og heime hos gjerningsmannen, seier etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal.

Ho fortel at gjerningsmannen no er arrestert og at han har erkjent å ha stole frå fleire hus.

– Han har gått rundt i Førde sentrum og plukka med seg ting. Han har ikkje heilt kontroll på kvar han har plukka med seg ting og kvar han har lagt frå seg ting, så det er framleis ting som er sakna, seier Vårdal.

Politiet ber no folk i Førde om å sjå etter i hagar og i hekkar om der kan ligge noko tjuvegods.

Stine Marie Vårdal

KOM INNOM: Etterforskingsleiar i politiet, Stine Marie Vårdal, seier at ikkje alt tjuvegods er funne enno. Ho ber folk sjekke i hagane sine.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Det verkar som om han har tatt ting herifrå og derifrå utan mål og meining, seier Stine Marie Vårdal i politiet.

Ho fortel at eit vitne tok eit bilete av gjerningsmannen som nokre i politiet kjende igjen.

– Vi tok eit besøk hos vedkommande og der fann vi diverse tjuvegods.

Vårdal understrekar at folk ikkje treng å frykte at det no er ein bande med tjuvar som fartar rundt i byen.

– Det er snakk om ein lokal person som vi har kontroll på, seier Vårdal.

Stolne fiskestenger

FISKESTENGER: Det er funne ganske mange fiskestenger rundt om kring.

Foto: Anders Mildestveit / NRK
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.