NRK Meny
Normal

Mann fyllekøyrde i mil etter mil - stoppa i dag tidleg

Ein mann i 30-åra blei i dag tidleg stoppa i Stryn etter at han hadde køyrd i fylla i mil etter mil frå ein stad i Sunnfjord.

– Det var tips frå publikum om ein bil som køyrde utan skilt og at føraren kunne vere rusa. Politiet rykte ut og vedkomande var openbert rusa. Vedkomande opplyste til politiet at han hadde tenkt seg til Oslo, fortel politiet sin operasjonsleiar Wenke Hope til NRK.

Mannen hadde i alle fall køyrd strekninga frå Byrkjelo over Utvikfjellet til Stryn, truleg mykje lenger, før han blei stoppa.

– Han er frå Sunnfjord, så han har nok køyrd frå den regionen. Han har nok køyrd i over ein time i alle fall, slår Hope fast.

Ho seier at politiet ser alvorleg på dette, og at køyringa var til stor fare for han sjølv og andre i trafikken.

– Mannen var synleg rusa då han blei stoppa. Han er no dimittert frå politiet si varetekt og sett på ein buss til Oslo, opplyser Wenke Hope.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.