Hopp til innhold

Mann skada etter vald

I natt, etter stengetid på utestadane, fekk politiet melding om ein mann i 20-åra som vart funnen liggande utandørs og skada i Sogndal.

Sogndal sentrum

SLAGSMÅL: Politiet veit at mannen har vore involvert i eit slagsmål i Sogndal, men veit ikkje kven dei andre involverte er.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Det var forbipasserande som varsla politiet og vi reiste til staden, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Wenke Hope.

Kva som har skjedd med den unge mannen, er politiet framleis ikkje sikre på. Men dei meiner det er vald.

– Ut frå tidlegare meldingar, har vi funne ut at han har vore involvert i eit slagsmål.

Kor alvorlege skadane er, veit ikkje politiet. Mannen ville ikkje forklare seg, og politiet forlèt han hjå legen.

– Han har fått nokre skader, for han vart funnen liggande ute. Men vi veit ikkje om han vart liggande ute på grunn av rus eller skadane, seier Hope.

Saka vil ikkje bli følgd opp vidare, så lenge ingen av dei involverte i slagsmålet melder seg. Politiet veit ikkje kven andre som har vore involverte i valdsepisoden.

Utanom valden i Sogndal har det vore ei særs roleg natt for politiet. Berre i Førde måtte lovens lange arm i aksjon, då dei rykte ut til ein bustad der ei rusa kvinne laga bråk. Ho vart undersøkt av helsepersonell, før ho vart sett i arrest.

– Vi må kunne sei at dette har vore roleg, ja. Grunnen er vel at det nærmar seg vinter og er kaldare i vêret, men at vi enno ikkje har kome til julebordssesongen, seier operasjonsleiaren.