NRK Meny
Normal

Mann funnen etter leiteaksjon

Mannen, som har vore leita etter i heile dag, er no funnen og tatt med til legesjekk.

Helikopter leiter i Førde sentrum
Foto: NRK-tipsar

– Vedkommande var medviten, men noko nedkjølt. Difor er han no tatt med til legevakta for legesjekk, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust, i Vest politidistrikt.

Mannen vart i dag tidleg meldt sakna etter at han sist vart sett ved 03:30-tida i Angedalsvegen i Førde, då han forsvann frå ein fest i berre sokkane.

Politi og leitemannskap frå Røde Kors og Sivilforsvaret har leita etter mannen sidan 08.30 i dag, og politiet meldte at han vart funne like før 16.30. Mannen vart funnen i Førde, men politiet vil ikkje gi nærare opplysingar om kvar dei fann han.

Tidlegare på dagen sa politiet til NRK at grunnen til at dei sette igang leiteaksjon var at dei hadde fått opplysingar om at mannen var rusa og hadde svært lite klede på seg då han forsvann.

25 personar har vore i sving i leiteaksjonen, og helikopter har òg vore i bruk.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.