Hopp til innhold

Oppdaga bil på taket - mann funnen død på isen

Politiet ynskjer å komme i kontakt med alle som køyrde mellom Årdalstangen og Årdal i morgontimane fredag. Ein mann i 20-åra vart funnen omkomen i nærleiken av der ein bil køyrde av vegen.

Bil hamna på taket ved Geithus i Årdal

LEITAR ETTER FØRAREN: Bilen blei funnen på taket, men dei som kom til staden, fann ingen folk der.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

Det var like før klokka sju fredag morgon at politiet fekk melding om at ein bil låg på taket ved Geithus mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. Bilen hadde gått over autovernet og hamna på taket nokre meter lenger nede.

– Litt over klokka ni blei ein mann funnen av ein hundeekvipasje frå Norske redningshundar. Helsepersonell blei tilkalla og dei erklærte mannen død, seier operasjonsleiar Per Rimmen hos politiet til NRK.no.

Personbilen blei oppdaga av forbipasserande like før klokka sju fredag morgon. Dei som kom til staden, fann verken førar eller eventuelle passasjerar. Det blei sett i gang eit søk med tre hundekvipasjar og to politimenn.

Operasjonsleiar Per Rimmen seier dei førebels ikkje veit om det kan ha vore fleire i bilen.

– Vi må etterforske det som har skjedd. Vi har kontakta ulukkesgruppa til Statens vegvesen. Det blir også undersøkt om det kan ha vore blitt fleire i bilen.

Ifølgje Sogn Avis blei mannen funnen på isen.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om når bilen har hamna utfor vegen. Det er heller ingen vitne som har meldt seg. Saka blir etterforska vidare ved Årdal lensmannskontor.

– Det vi veit er at bilen har kome frå Øvre i retning Årdalstangen. Ut frå det vi veit, skjedde ulukka mellom 05.50 og 06.15, seier lensmann Magne Knudsen i Årdal.

Det var ingen vitne til ulukka og Knudsen oppmodar alle som køyrde mellom Øvre Årdal og Årdalstangen om å kontakte dei.

– Det er ynskjeleg å få oversikt over alle bevegelsar på vegen i det aktuelle tidsrommet, seier han.

Bil utfor vegen ved Geithus i Årdal
Foto: Stig Laberg Øvstetun