NRK Meny
Normal

Mann frikjend etter påstand om overgrep

Ein mann i Sogn og Fjordane er frikjent etter å ha vore tiltalt for å ha tatt ein liten gut på kjønnsorganet medan dei hoppa i lag på ei trampoline.

Fjordane tingrett

VART FRIKJENT: Mannen som var tiltalt for å ha seksuelt krenka ei liten gut, vart frikjent i fjordane tingrett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dette skulle aldri ha vore noko rettssak, det er jo utruleg stigmatiserande å få noko slikt hengande over seg, seier mannen sin forsvarar Ivar Hauge.

Påtalemakta meiner at mannen har tatt eit godt grep om kjønnsorganet til guten, som er fødd i 2011. Ein annan person skal også ha vore på trampolinen, og begge dei to skal ha sprunge inn til foreldra og gitt beskjed om at mannen hadde tatt den eine guten "på tissen".

– Det kan hende han har kome borti, men det har i så fall ikkje vore med vilje. Og i alle fall ikkje i ein kontekst som er ulovleg, seier forsvararen.

Påtalemakta er ikkje samd i den vurderinga. Dei meiner mannen har opptredd på ein seksuelt krenkande måte mot den vesle guten.

Saka var oppe i Sogn og Fjordane tingrett. Retten meiner at det er godt etablert at mannen har vore borti kjønnsorganet til guten, men har kome fram til at det ikkje ligg føre bevis for at det har skjedd på ein seksuelt krenkande måte.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.