Hopp til innhold

Mann frå Sogn og Fjordane omkom på E39

Ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane døydde av skadane han fekk då han natt til i dag prøvde å svinge unna ein hjort på E39. Bilen hamna til slutt utfor vegbana.

Ulukke Romarheimsdalen

DØDSULUKKE: Ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane døydde i ei utforkøyring på E39 natt til i dag.

Foto: Livar Aksnes / Strilen.no

– Han trefte hjorten, fekk sleng på bilen og kom dermed over i motgåande køyrefelt. Der trefte han ein møtande bil, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor til NRK.

Føraren av den møtande bilen blei send til Haukeland universitetssjukehus, tilstanden for denne mannen er førebels ukjend.

Mannen frå Sogn og Fjordane var mest truleg på veg sørover då ulukka skjedde. Bilen hamna utfor vegen.

To bilar var involvert i ulukka. Politiet fekk melding Klokka 0230 om at det hadde vore ei trafikkulukke på E39 på Romarheim, hovudvegen mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

Hjort

TRULEG ÅRSAKA: Denne hjorten blei funnen like ved der ulukka skjedde. Truleg har mannen frå Sogn og Fjordane prøvd å svinge unna for hjorten.

Foto: Eivind Pettersen / NRK

– Den eine stod i vegbana, den andre låg utanfor. Det var forbipasserande som melde frå dette til oss. Politi og ambulanse blei send til staden, og vi fekk etter kvart stadfesta at den eine personen som var involvert i ulukka var omkomen, opplyste operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK i dag tidleg.

Kjell-Idar Vangberg

ETTERFORSKAR: Lensmann i Nordhordland, Kjell-Idar Vangberg

Foto: Inger Åse Skage / NRK

E39 var heilt stengd i fem og ein halv time etter ulukka, og det danna seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Ulukka skjedde like etter krysset mellom E39 og fylkesveg 569 som går inn til Modalen.

Ulukke på E39 i Romarheimsdalen

RETT VED KRYSS: Ulukka skjedde få hundre meter frå krysset mellom E39 og fylkesveg 569, nedst i Romarheimsdalen.

Foto: Livar Aksnes / strilen.no