Hopp til innhold

Væpna politi gjekk til aksjon – mann fengsla i grov valdssak

Ein mann i trettiåra er fengsla i to veker etter å ha trua ein annan mann på livet i Kalvåg i Bremanger sist helg.

Politiet har forsegla hytte i Kalvåg

SPERRAR AV: Politiet har sperra av ei sjøbu i Kalvåg etter hendingane sist helg.

Foto: Privat

Tungt væpna politi rykte ut søndag morgon frå Florø etter å ha fått varsel om at ein mann frå Sunnfjord oppførte seg svært truande mot andre personar.

Mannen slo seg mellom anna inn gjennom glasdøra til ei sjøbu.

Han skal også ha trua med ein skarp gjenstand og rispa ein mann som prøvde å gå imellom og roe ned mannen som no er fengsla.

Kåre Toreid, etterforskingsleiar Flora Politistasjon

ETTERFORSKAR: Kåre Toreid er etterforskingsleiar ved Flora Politistasjon.

Foto: Politiet

– Eg kan stadfeste at vi har ein fornærma i saka, ein mann født i 1972. Eg kan og seie at det har vore ein kniv involvert i hendinga. Meir ynskjer eg ikkje å seie no av omsyn til etterforskinga, seier Kåre Toreid som er etterforskingsleiar ved Flora Politistasjon.

Mannen blei framstilt for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett i dag og retten bestemte at han kan sitje fengsla i to veker med brev- og besøkskontroll.

– Vi har ein del etterforsking igjen som vi må gjere i løpet av dei to vekene som den sikta sit i varetekt, seier Toreid.

– Eg har hatt samtalar med min klient og vi er samde om at vi ikkje ønskjer å seie noko til media no, seier forsvarar Malin Skorpen Østvik til NRK.

Heller ikkje politiadvokat Merete Sundal vil uttale seg førebels.

Politiet har tatt ut sikting mot mannen etter to alvorlege paragrafar i straffelova som gjeld kroppsskade og grov kroppsskade.

Mann knuste seg inn i sjøbu i Kalvåg

KNUSTE DØR OG VINDAUGE: Mannen kom seg inn ei sjøbu ved å knuse

Foto: Privat