NRK Meny
Normal

Mann fengsla etter stort hasjbeslag i Florø

Med 1,3 kilo hasj i bagasjen sjekka mannen i 20-åra inn med falskt namn på hotell i Florø. Returen med fly dagen etter vart det ingenting av.

Mannen vart før helga varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod.

I nærleiken av hotellet fann politiet hasj, som avhengig av kvaliteten har ein gateverdi på mellom 32.000 og 91.000 kroner. Stoffet er sendt til Kripos for analyse.

– Vi meiner han kom for å selje hasjen vi har teke beslag i. Det er grunn til å tru at han hadde ei bestilling og skulle levere til ein person i Florø, seier stasjonssjef Wenke Hope ved Flora politistasjon.

La alle korta på bordet

Mannen, som er av utanlandsk opphav, men har adresse på Austlandet, nekta først å ha noko med narkotikaen å gjere. I avhøyr måndag la han korta på bordet. Hope vil ikkje kommentere korleis dei kom over mannen og hasjen.

Då gav han også politiet tilgang til telefonen sin. Mannen skal ikkje vere kjend for lokalt politi, men er kjend for ulike lovbrot andre stader i landet.

– Han har sagt at han ynskjer å tilstå. Han er i utdanning og ynskjer å gjennomføre eksamen som er i desse dagar. Det er vanskeleg å gjere når han sit i varetekt, seier Hope.

Vurderer varetekta

Mannen vart pågripen same dag som han kom til Florø og sjekka inn på hotellet med falskt namn. Ifølgje politiet såg mannen ut til å vere påverka av hasj då han vart pågripen.

Dagen etter pågripinga skulle mannen etter planen ha teke fly frå Florø.

– No har vi litt etterforskinga att, så får vi vurdere denne veka om han har gjeve den informasjonen han har, og om det er grunnlag for å halde mannen i varetekt, seier Hope.

Mannen skulle overlevere narkotikaen til ein ikkje namngjeven person. Politiet veit heller ikkje sikkert om han handla på vegner av andre.

– Vi er nøgde med at vi fekk hand om hasjen før den kom på gata, avsluttar Hope.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser