Hopp til innhold

Mann fekk gravemaskinskuffe på foten

Ein mann er frakta til sjukehus med ambulanse etter ei arbeidsulukke på Moskog ved Førde. Helsepersonell og politi er på staden.

Arbeidsulukke på Moskog

– Det er snakk om ei klemskade i ein fot i samband med lossing av utstyr, seier Per Kristian Langlo som er administrerande direktør i det Ørsta-baserte entreprenørfirmaet KA Aurstad.

Per Kristian Langlo

Administrerande direktør i KA Aurstad, Per Kristian Langlo meiner firmaet jobbar sikkert og synest det er leit at det har skjedd ei arbeidsulukke.

Foto: K.A. Aurstad

Firmaet gjorde ein jobb på Moskog då ulukka inntrefte. Langlo fortel at den skadde, som er ein 68 år gamal mann, skal ha fått skadar i ankelen og at han no er på sjukehuset for nærmare undersøkingar.

– Mannen er oppegåande, seier Langlo.

Laster Twitter-innhold

Vert etterforska

– Vi har akkurat kome fram til staden og veit førebels lite om korleis ulukka har skjedd, sa Per Rimmen som er operasjonsleiar i Politidistrikt Vest avdeling Sogn og Fjordane, like etter klokka 08.00 onsdag morgon.

Han fortel at arbeidsuhellet skal etterforskast av politiet i samarbeid med Arbeidstilsynet.

Meiner sikkerheita er god nok

Administrerande direktør i KA Aurstad, Per Kristian Langlo meiner dei har gode sikkerheitsrutinar i firmaet.

– Vedkommande hadde på seg verneskog og anna nødvendig verneutstyr. Det har truleg vore med å gjere til at skadane har vorte mindre.

– Kva gjer de vidare no?

–Vi vil gå nøye gjennom hendinga for å finne ut korleis dette kunne skje, seier Langlo.