Mann fekk fem år gamal jente til å stryke seg i underlivet – lagmannsretten frikjende han

Mannen har innrømma at han fekk den fem år gamle jenta til å stryke seg i underlivet og at han synte ho pornofilmar. Likevel valde lagmannsretten å frikjenne mannen for overgrep, men han må betale nær 400.000 kroner i erstatning. Jenta slit i dag med depresjonar og PTSD.

Gulating Lagmannsrett i Bergen

FRIKJEND HER: Dommarane i Gulating lagmannsrett meiner at mannen ikkje kan dømmast blant anna fordi hendingane er forelda.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Saka har blitt behandla i rettssystemet over fleire år. I den første behandlinga i lagmannsretten blei mannen dømd for seksuelle overgrep. Men Høgsterett oppheva dommen og Gulating lagmannsrett måtte behandle saka på nytt.

Der er konklusjonen klar: 40-åringen kan ikkje dømmast for overgrep blant anna fordi hendingane ligg ein del år tilbake i tid og fordi bevisa mot han ikkje er sterke nok.

Dette trass i at han innrømmer å ha utført handlingar som har vore «grenseoverskridande og skadevoldande» mot jenta ved fleire høve.

Tok mannen i underlivet

For lagmannsretten meiner at jenta snakkar sant når ho fortel om ulike hendingar. Blant anna sommaren 1998 då ho var på besøk hos besteforeldra. Då sat ho i stova saman med mannen og han fekk ho til å ta på underlivet hans.

– Det blei avbrote av at folk kom inn i stova, men berøringa av penis på bar hud blei tatt opp att fleire gonger etter dette då dei som kom igjen gjekk ut att. Ingen andre såg kva som skjedde, skriv dommarane i lagmannsretten.

Mannen blei pågripen og sikta i 2016 og politiet har gjennom heile rettsprosessen kravd at mannen skulle dømmast for ei rekkje overgrep. Men med den ferske dommen frå lagmannsretten kan ikkje skuldspørsmålet ankast vidare.

Må betale erstatning

Men det lagmannsretten likevel har gjort i saka er å dømme mannen til å betale såkalla meinerstatning på nær 400.000 kroner. Når retten skal vurdere erstatning er krava til bevis langt svakare og dermed må mannen betale for det han innrømmer å ha gjort mot jenta.

– Aldersforskjellen mellom dei var betydeleg, og hendingane har fått konsekvensar for hennar barndom, ungdomstid og vaksenliv. Han burde ha forstått at handlingane kunne påføre alvorleg skade, skriv retten.

Retten byggjer mellom anna på vurderingar gjort av ein rettsoppnemnd psykolog, som slår fast at jenta har fått posttraumatisk stressliding og depresjon. Ho har fått problem med indre stress, søvnproblem og manglande livsglede, meiner psykologen.

Vurderer ny anke

Mannen sin forsvarar, Ivar Blikra, seier i ein kommentar til NRK at klienten er glad for å bli frifunnen og at eit fire år langt rettsmaraton er over når det gjeld skuldspørsmålet.

– Det har vore ein stor belastning for min klient og fornærma å leve med usikkerheita i fire år, seier Blikra.

Han vurderer no i lag med mannen om dei skal anke erstatningsspørsmålet vidare til Høgsterett. Mannen meiner at det ikkje er grunnlag for at han skal betale jenta pengar etter hendingane.

Jenta sin bistandsadvokat Marianne Bech seier til Bergens Tidende at jenta er skuffa over dommen, sjølv om ho får erstatning.