Ulukka skjedde mellom klokka 0800 og 0830 tysdag morgon. Mannen arbeidde med vedlikehaldsarbeid og har opplyst til politiet at han fekk noko over seg.
Han vart frakta til Førde sentralsjukehus. Politiet har fått opplyst at han fekk brot i rygg og ribbein, skader på lunger og eit auge.
Politiet etterforskar arbeidsulukka, og har vore på staden saman med Arbeidstilsynet.