Hopp til innhold

Mann fast i fjellside i Balestrand

Ein redningsaksjon pågår etter ein finsk mann som er skårfast i ei fjellside sør av Nystølsvatnet i Balestrand. Mannen melde sjølv ifrå om at han står fast og kjem seg verken opp eller ned. Ei fjellredningsgruppe frå Røde Kors er på veg frå Luster i helikopter, seier operasjonsleiar for politiet i Sogn og Fjordane, Olaug Holme.